fbpx

Huldra

Sagnene om Huldra er mange. Hun er en del av norsk forklore og fremdeles er det hytteeiere som banker 3 ganger på sin egen hyttedør, før de låser opp – slik at huldrefolket får tid til å løpe ut.

Huldra er fasinerende, magisk, vakker, dyktig og sterk. La deg fortrylle av sagnene…

«Huldra vert skildra som fager. Med skinande hår, blå augo og so roseraud ein liten munn som noko gjente kunde ynskje seg. Ho hev blå kleder pynta med sylvsnorer, ringar og stas som ei prinsesse og hagleg og fin i all si framferd. Og mang ein unggut hev ho lokka i snara si, so han hev vor te hugstolen av venleiken hennar; men likso jamt hev han fenge stygg til henne, når han hev vorte var den lange duskerova, som ho i lengste laget hadde prøvd å dylje.

Gifting millom kristenmann og hulder finst der mange eventyr og segner um; men då misser huldra alltid rova når ho kjem for altaret. Verre er det for ei kristengjente um ho gifter seg med ein huldrekall, då vert ho hulder og må bu i berg og aldri fa sjå Guds fagre sol og dag meir.

Huldrefolket bur i haugen, kallast difor haugfolk, underjordiske, men bur og i berg, hamrar og urer. Huldrefolket driv med kryterstell og gardsbruk, liksom bonden sjølv. Krytra åt huldrefolket er sers feite og fine. Kan du vere så hoppen, når du ser dei, at du fær kasta stål over dei, so kjem du til å eige dei, og dei vert som andre kryter. Um sumaren held huldra mest til lengre uppe i avdalane og på dei høgste og mest dulde beitesmarkene; men um hausten når folk fer heimatt frå sætrane, flytter huldra inn i sela, so ein må vere varsam med å fare til støylen ved vintersleitet, då ein elles lett kan uroe huldrelyden.»

HOLD DEG OPPDATERT!